onsdag 23. november, kl 20:00
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Folkemusikkscena: Northern Nights – Tallari og Tionól

Ensemble av musikere med fiolin og trekkspill i skog og interiør. Skandinavisk folkemusikk.

Gruppene Tallari og Tionól representerer noko av det beste Finland og Irland har av tradisjonsmusikarar, og no møtes dei på Rauland!

Konserten er eit resultat av prosjektet Northern Nights, eit internasjonalt fordjupingsopphald på Rauland, organisert av den irske folkemusikkfestivalen Baltimore Fiddle Fair. Dei åtte musikarane skal bruke veka før konserten på utveksling med lokale spelemenn, studentar og kvarandre. Til våren og sommaren blir konserten presentert på Kaustinen Folk Music Festival i Finland, og Baltimore Fiddle Fair i Irland. Tionól er sett saman spesielt for dette prosjektet, og alle dei fire artistane kjem frå Sliabh Luachra – eit distinkt kulturområde sørvest i Irland.

Området er heimen til mange av Irlands mest kjende forfattarar og musikarar. Derek Hickey er ein av dei store i Irland på trekkspel, og har spelt i både Arcady og De Dannan. Lisa O’Sullivan er kjend frå The Ceili Allstars og er ein aktiv tradisjonsberar i området. Leah Murphy byrja å spele fele då ho var 7 år og er multiinstrumentalist og musikklærar.

Eion O’Sullivan har vore utøvande musikar sidan han var 16 år og leier den lokale folkemusikkfestivalen. I tillegg driv han plateselskapet Sliabh Luachra Records som gjev ut tradisjonsmusikk frå området.

Derek Hickey – toradar
Lisa O’Sullivan – fele
Leah Murphy – fele, piano, gitar, bratsj, vokal
Eion O’Sullivan – fele

Tallari er eit profesjonelt folkemusikkband frå Finland, etablert i 1986 og legendariske i det internasjonale folkemusikkmiljøet. Repertoaret deira femner breidda i den finske tradisjonsmusikken. Dei både samarbeidar med verdas største folkemusikarar og held workshops for musikantar på alle nivå. Gjennom åra har dei gjeve ut nesten tjuge plater og spelt tusenvis av konsertar. Tallari har basen sin i Kaustinen – kjend for folkemusikkfestivalen og Instituttet for Folkemusikk.

Katri Haukilahti – fele, nykelharpe, vokal
Arto Järvelä – fele, mandolin, esseharpe, vokal
Esko Järvelä – fele, tenorgitar, trøorgel, vokal
Sampo Korva – trøorgel, melodeon, gitar, vokal

Støtta av Norsk Kulturråd og Arts Council of Ireland.

Scene: Vinjesalen

Cc: 250,-/150,-

Datoonsdag 23. november
Tidspunktkl 20:00 - 21:00