Skipass
Jolemarknad på Telemarkstunet

5.desember blir det jolemarknad i Telemarkstunet og på Raulandsakademiet.
Låven handverksutsal og Eldhuset bakeri er ope.
Velkomen til triveleg jolehandel inne på Raulandsakademiet og ute i Telemarkstunet. Her kan du handle jolegåvene du ikkje får tak i elles. Heimelaga produkt, både til å varme seg på og til å nyte. Jolegraut, jolebakst, spikkeband, smykker, keramikk og mykje meir. Låven handverksutsal held ope, Eldhuset bakeri og Gardsjordstoga kafè er ope. Rykta fortel at jolenissen kjem innom også.
Ta turen til Raulandsakademiet og til Telemarkstunet og kjenn litt på den gode, lune jolestemninga. Ope frå kl. 11.00-16.00.
Ynskjer du å ha stand hjå oss- ta kontakt: post@raulandsakademiet.no




