Skipass
Advent og julemarknad på Telemarkstunet
Velkomen til ei stemningsfull adventstid på Rauland! Frå 28. november opnar Telemarkstunet dørane for advent-opg jolehandel, handverk og bakst. Laurdag 5. desember blir det òg tradisjonell jolemarknad på Telemarkstunet og Raulandsakademiet.
Ta turen til Telemarkstunet og kjenn på den gode førjolsstemninga! I låven er det gåver som smakar godt, og som varmar godt. I Eldhuset vil du kjenne lukta av fersk, steinomnsbaka gjærbakst.
Adventsope frå 28. november
Låven handverksutsal og Eldhuset bakeri opnar laurdag 28. november og held ope kvar helg i advent, fram til og med 19. desember.
Her kan du kombinere julehandelen med ein tur innom bakeriet og få ein liten pust i bakken frå førjulsførebuingane.
Opningstider i adventshelgene:
- Låven handverksutsal: kl. 11.00–16.00
- Eldhuset bakeri: kl. 11.00–14.00
Jolemarknad laurdag 5. desember
Laurdag 5. desember kl. 11.00–16.00 blir det jolemarknad ute i Telemarkstunet og inne på Raulandsakademiet. Låven handverksutsal, Gardsjorstoga kafè og Eldhuset bakeri held ope. Her kan du handle jolegåvene du ikkje finn andre plassar, smake på jolebaksten, og koma i jolestemning. Det vil vera sal av spikkeband, keramikk, smykker, bøker og mykje anna rundt om i tunet og inne på huset.
Rykta fortel at nissen stikk innom.
Ynskjer du å ha stand på jolemarknaden? Ta kontakt med Raulandsakademiet på post@raulandsakademiet.no.
Les meir om arrangementa:
Jolemarknad på Telemarkstunet – 5. desember
Velkomen til ei triveleg førjolstid på Rauland!
