tirsdag 19. november, kl 19:00
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Temakveld: «Lidet kun har eg at haabe paa jorden. Afske for evikt med den eg har kjær…» Utvandringa til Amerika frå Rauland og Lårdal 1837-1900

Mennesker på tur med fjell i bakgrunnen, landskap og kledde i tradisjonell norsk folkedrakt.

I 2025 er det 200 år sidan det fyrste utvandrarfølgjet drog ut for å busetje seg i den nye verda i vest. Svært mange frå våre bygder følgde etter, og Midt-Vesten vart raskt eit meir naturleg flyttemål enn Midt-Telemark, Skien eller Kristiania. Kven var det som reiste, og kvifor? Var det mjølk og honning som lokka, eller var det noko ein rømde frå?

Dag Rorgemoen, direktør på Vest Telemark Museum hadde dette som tema for si hovudfagsoppgåve i historie, og har sidan også arbeidd med tematikken gjennom arbeidet sitt på Vest-Telemark Museum.  Denne kvelden vil han fortelje om utvandrarhistoria frå regionen, med særleg vekt på Rauland og Lårdal prestegjeld.

Temakvelden er eit samarbeid mellom Rauland Historielag og Slekt og Data Vinje.

Mennesker på tur med fjell i bakgrunnen, landskap og kledde i tradisjonell norsk folkedrakt.

Utvandrere 1902, Gustav Wentzel 1920

Praktisk informasjon

Stad: Raulandsakademiet
Pris: 150 (medlem) 200 for andre

 

Datotirsdag 19. november
Tidspunktkl 19:00 - 21:00