torsdag 17. november, kl 18:30
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Musikk for folk i trøbbel // Ingelin Westeren – Vinjesenteret

Bokomslag av Musikk for folk i trøbbel av Ingelin Westeren og bilde av kvinne ved murvegg.

Vinjesenteret inviterer til bokprat med Ingelin Westeren om debutboka hennar, Musikk for folk i trøbbel (2022) torsdag 17.november!

Ingelin Westeren (f.1982) er frå Møsstrond i Vinje kommune. Ho har master i samfunnspsykologi og har jobba fleire år i NAV og i Oslo kommune. No bur ho i Bø i Telemark. Musikk for folk i trøbbel er den første romanen hennar.

I boka fylgjer me Ida som går på NAV, der me får innblikk i korleis «systemet» og arbeidslivet er fulle av barrierer for menneske med psykisk sjukdom. Debutromanen er med på å gje ungt utanforskap eit andlet. Velkomen til bokprat mellom Westeren og arenaleiar Petra Helgesen i boksamlinga på Vinjesenteret!

Stad: Vinjesenteret, Vinjevegen 1441, 3890 Vinje
Tid: 18:30-20:00

Billettar kan kjøpast her

Lenkje til arrangementet på Facebook

 

Datotorsdag 17. november
Tidspunktkl 18:30