Skipass
Konsert i Årestoga | Tellefs

Årestoga 3. mai kl. 20.00 – 250 kr / 150 kr (studentar)
Tellef Kvifte, professor emeritus ved instuttet på Rauland, har plukka opp eit nytt instrument: Taragot, ein nær slektning av sopransaxen. Til vanleg finn me instrumentet i aust-europeisk folkemusikk, men her brukar Tellef instrumentet for å utforske slektskap og likskapar mellom norsk og irsk musikk. Tellef lærte hardingfeleslåttar av Salve Austenå frå Agder gjennom mange år, og den irske delen av repertoaret er etter blikkfløytespelaren Micho Russell frå County Clare, som Tellef møtte og spelte med på 70-talet. To tilsynelatande svært forskjellige musikarar og kjelder, som hadde det til felles at dei skapte store musikalske augeblikk av kvar einaste slått det spelte.
«Tellefs» er eit musikalsk leikerom der musikarane jobbar i spennet mellom å skape eit nytt uttrykk og samstundes løfte fram musikken frå to særprega tradisjonar. Bandet går laus på slåttane med respektlaus respekt og spelar aldri ein slått likt to gonger på rad. Dei andre musikarane er Magnus Wiik på gitar, Åsmund Reistad på bass og Knut Kvifte Nesheim på trommer. Eit stjernelag med brei erfaring frå norsk folkemusikk og jazz.
OM MUSIKARANE:
Tellef sjølv har vore med i nokre tiår, frå legendariske innspelingar på 70-talet – Heitaste slåtten og Slinkombas – via Chateau Neuf Spelemannslag, til folk/fri- impro/elektro-bandet LuckyLoop, i tillegg til diverse jazz-samarbeid med Mathilde Grooss Viddals FriEnsemble som det siste. Magnus Wiik, multiinstrumentalist, no busett på Rauland, har turnert verda rundt med eigne og andre sine prosjekt i nærare 20 år. Han har fått prisar, gjeve ut eit titalls kritikarroste plater med eigen musikk og spelt med nokre av dei beste innan irsk og norsk folkemusikk, bluegrass og jazz. Av eigne prosjekt er gruppene Open String Department, Haley’s Comet og Ellestad Wiik Duo verd å nemne.
Åsmund Reistad spelar diverse gitar- og bassinstrument. Hausten 2021 gav han ut soloalbumet «89% folkemusikk» som består av sjølvskriven folkemusikk for gitar, blanda med element frå andre stilartar. I tillegg til folkemusikk driv han med viser og jazz, og har bak seg samarbeid med ei rekke band og artistar: Aasmund Nordstoga, Chateau Neuf Spelemannslag, Birgitte Damberg Trio, Trispann, Vegar Vårdal, Ingunn Bjørgo, Marianne Tomasgård m.fl. Knut Kvifte Nesheim er trommeslagar og komponist.
Med bakgrunn og oppvekst frå norsk folkemusikk, jazz og klassisk slagverk, trivst Knut i eit sjangerdiffust landskap i alt fra solospel til store ensemble. Han er aktiv som komponist og utøvar i OJKOS, Doomsday Preppers, BenReddik, Skrekk og Guro, Julius, Espera og sin eigen plateaktuelle kvartett «Deliverables», i tillegg til å medverke på innspelingar med Mathilde Grooss Viddals FriEnsemble, Camilla Hole Trio, Greta Eacott’s G Bop Orchestra og Ivar Orvedal.






















