onsdag 25. oktober, kl 20:00
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Knudsen og Syrjälä | Årestoga

To kvinner ved innsjø; en med strengeinstrument, en med fele, med fjell i bakgrunnen.

Ragnhild Knudsen og Pauliina Syrjälä møttest på Nordtrad-konferansar, spelte saman og fann ut at dei likte det, og at hardingfele og kantele klang fint saman. Sidan 2016 har dei samarbeidd om å utvikle eit repertoar for duoen sin, med utgangspunkt i eldre norsk og finsk tradisjonsmusikk. Dei leikar seg med både klang og form i låtane, og lagar arrangement med plass for improvisasjon, bygd på finske og norske tradisjonar.

Folkemusikken i Finland har hatt større vekt på nyskaping og improvisasjon, medan Noreg har hatt vekt på tradisjonelle speleteknikkar, rytmikk og intonasjon. I dette spenningsfeltet finn duoen materiale til eit helt eige samtidsuttrykk.

Pauliina brukar for det meste ein eldre type kantele, med 25 strenger, som ikkje er kromatisk. Ho har også utvikla fleire nye spilleteknikkar for kantele, både for anslagsmåtar/reidskapar og for melodispel/akkordspel, og utvidar den klanglege paletten til kantelen i høve til reint tradisjonelt spel.

Hardingfela tilfører andre fargar til småmotiva i kantelemusikken, og andre klangar ved bruk av spel på fleire strenger. Formmessig utviklar duoen samspel bygd rundt improvisasjon over småmotiv, som er kjerna både i hardingfeleslåttane og i kantele- og stråkharpelåtane, den eldste tradisjonsmusikken i Finland.

I januar 2023 spelte duoen inn sitt fyrste album, som kjem ut no i oktober.

Billettar i døra: 250,-/150,-

Link til arrangement på Facebook

Datoonsdag 25. oktober
Tidspunktkl 20:00