torsdag 28. juli, kl 11:00
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Grunge Kyrkje open i juli

Interiør av en tradisjonell norsk kirke med lyseblå benker og alter prydet med religiøs kunst og søyler.

Grunge kyrkje kjem til å vere open var tysdag og torsdag i juli mellom kl. 11 og kl. 15.

Det er friviljuge i kyrkjelyden, som gjer det mogleg og som stiller som «kyrkjevertar».

Open Grunge kyrkje er tenkt som eit tilbod både for reisande og fastbuande.
Kvilestad, stille stad, bønestad, lærestad, stad for oppleving.

Fleire av dagane vil organisten Robertas Lamsodis vere der å øve på orgelet, så då kan det bli ein høyrestad også.

Grunge kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1850 med plass til om lag 150 personar. Kyrkja er bygd ut frå ei tilpassa typeteikning av slottsarkitekt H.D.F. Lindstow, likt mange andre norske kyrkjer, m.a. Nesland kyrkje i Vinje, og Mo kyrkje i nabokommunen Tokke. Saave Brufloti frå Mo bygde kyrkja.
Mykje av interiøret, m.a. preikestol og døypefont, er rosemåla av Aanund Lunden frå Grungedal. Altertavla er Harald Kihle sin nordiske Kristus som kjem mot ein med fredshelsing. Landskapen han stig ut av, vatnet og fjella, er den ein ser når du går ut av kyrkja. Skisser til Kristusfiguren finst i kyrkjestoga. Kyrkja har og vakre kyrkjetekstilar laga av Gudbjørg Kvammen, Borgny Farstad Svalastog, Inger Johanne Tveito og Elisabeth Bratland. Ver velkomne inn!

Kontaktperson er Oscar Johan Garnes, 901 88 544/oscar@grungebru.com

Datotorsdag 28. juli
Tidspunktkl 11:00 - 15:00