Skipass
Folkjazz-ensemblet Perleskum til Vinjesenteret

Dag-Filip Roaldsnes: piano
https://fb.me/e/2stBCqtBH
I slutten av bursdagsmånaden til Aasmund Olavsson Vinje, torsdag 27. april, kjem bandet Perleskum til Vinjar med leiken musikk til Vinje sine evigunge ord!
I Perleskum står felespelar og komponist Jorun Marie Kvernberg i front. Den friske og leikande folkesongen til Unni Boksasp leier an, medan tubavirtuosen Lars Andreas Haug tek seg av både botn og nye høgder. Pianist Dag-Filip Roaldsnes loddar djupet på svarte og kvite, og Jorun Marie Kvernberg jagar opp og fram med boge og streng.
I eit mangekolorert krysningsfelt mellom folkemusikk, vise og jazz leikar Perleskum seg med Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) sine dikt. I eit fantasifullt tonespråk gir kvartetten ny forståing av dei gamle orda om kjærleik, lengt og frustrasjon, om kunsten, sorga og gleda.
Jorun Marie Kvernberg sine komposisjonar har i seg ei reise frå det tradisjonelle og inn i samtida. Landskapet er forfriskande og utøvarane frå folkemusikken og jazzen smeltar overraskande naturleg i hop i ein miks der dei alle likevel er seg sjølve fullt ut.
Våren 2023 kjem kvartetten med mykje nytt repertoar, signert Jorun Marie Kvernberg.
Oppvarming ved kvedartrio frå Vinje kulturskule!
Velkomen til Vinjar for ein festkveld!






















