Skipass
Turforslag på Rauland
På Rauland og i hele Vinje finn du vandreturar for alle – frå enkle familievenlege stiar til luftige fjelltoppar med spektakulær utsikt. Her kan du gå i roleg tempo gjennom frodig skog og langs stille vatn, eller legge ut på lengre turar over vidde og fjell med naturen som næraste nabo.
Under finn du nokre av dei mest populære vandreturane og fjellturane i Rauland, perfekte for både lokalfolk og tilreisande som vil oppleve Telemark frå sitt vakraste.
Se også: Villrein, jakt og dyreliv på Rauland

Falkeriset- Falkenuten
Turforslaget
Falkeriset er ein av dei mest populære fjellturane på Rauland og passar godt for både familiar og dei som ønskjer ein kortare tur i lett til middels terreng. Turen går gjennom vakker høgfjellsnatur med steinlagde stiar, fjellbjørkeskog og opne parti som gir ei flott naturoppleving heile vegen opp.
På toppen ventar eit imponerande utsiktspunkt med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond. Falkeriset har også ei spanande historie knytt til den gamle falkefangsten i området, og under Falkenuten finn du spor etter steinbuer og gamle fangstplassar som gir turen eit ekstra historisk preg.
Vegbeskrivelse
Frå Rauland sentrum/Krossen køyrer du 4 km langs rv.362 mot Haukeligrend. Tak av mot Kromviki,og etter 10,5 km kjem du til ein liten parkeringsplass på høgre side. Stien opp til Falkenuten startar ved infotavla på venstre side av vegen. Falkeriset har fått navn etter falkefangsten i området.
Viktig informasjon
Falkeriset ligg i eit område der villreinen på Hardangervidda også ferdast.
I delear av året er vegen stengt, og me anbfalar da å heller nytte andre turar i område. Les meir om korleis du tek omsyn til villreinen her .
Fakta om turen
- Lengde: ca. 3 km tur-retur
- Varigheit: ca. 1 time
- Vanskegrad: Lett til middels
- Passar for: Familiar, barn og dei fleste turgåarar
- Høgdepunkt: Panoramautsikt og kulturhistoriske spor etter falkefangst
Skulpturen Vidsyn- Silkedalen
Tursforslag
Turen startar ved Vierli Kaféteria ved undergangen under fylkesvegen. Følg merka tursti til toppen av Vierlinuten (1100 m.o.h.). Her finn du skulpturen Vidsyn. Følg stien vidare over åskammen mot Oksatjønn. Hovedsakeleg på sti men også noko på grusvei. Fint høyfjellsterreng med flott utsikt i flere retninger. Løypa går over noen myrer, men er godt vedlikeholdt med klopper. Skiltet og merket med rød merker/stolper. Turen er også ei flott joggeløype. Rundløype i Silkedalen går i landskapsvernområde, ta hensyn til det rike plante- og dyrelivet.
Vegbeskrivelse
Frå Rauland sentrum/krossen. Følg Fv frå Krossen I Rauland til Vierli. Ca 11. km. Sor parkeringplass ved Vierli Kafeteria.
Fakta om turen
- Lengde: Vierli - Vidsyn 3,6 tur/retur.
Vierli- via Vidsyn og rundtur i Silkedalen 6 km tur/retur. - Varigheit: ca. 1,5- 2 timar
- Vanskegrad: Middels krevande
- Passar for: Familiar, barn og dei fleste turgåarar
- Høgdepunkt: Skulpturen Vidsyn og panoramautsikt over Rauland og Møssvatn.
Beverstien
Turforslag
Beverstien er ein triveleg og familievenleg rundtur som gir ei fin oppleving for både små og store. Turen går i lett terreng gjennom skog og langs vatn, og er perfekt for deg som ønskjer ein roleg tur i naturen med fokus på oppleving framfor høgdemeter. Hovedsaklig på sti, noen steder grusvei. Beverdemning må gås over på rundturen, derav navnet "Beverstien" Flott utsikt ut over Totak. Avlutt gjerne turen med varme kanelbollar fra bakeriet på Telemarkstunet.
Vegbeskrivelse
Frå Rauland sentrum/krossen køyrer du 4600 meter km langs rv.362 mot Haukeligrend. Tak av mot Nesland, Akademiet og Universitete. Etter nye 600 meter kjem du til Raulandsakademiet og Telemarkstunet. Stor parkeringsplass ved Akademiet. Gå deretter ned mot Telemarkstunet hvor stien startar.
Fakta om turen
- Lengde: ca. 2 km rundtur
- Varigheit: ca. 30–45 minutt
- Vanskegrad: Lett
- Passar for: Familiar, barn og korte nærturar
- Høgdepunkt: Dyreliv og spor etter bever i området
Kvennavegen-Mogen
Turforslag
Du startar turen ved Mogen turisthytte, og følgjer bygdevegen mot Argehovd. Etter brua over Hellegjuvbekken, tek du til venstre på ein grusveg som går langs bekken. Etter om lag 100 meter tek du til høgre på turvegen mot Kvenna.
Lett rundtur på barnevognvenleg grus- og plankeveg til svaberg og badeplass ved Kvenna. Flott utsikt mot fjellgarden Argehovd, som ligg ved foten av Hardangervidda. Lær om livet på Møsstrond gjennom tidene på infotavler undervegs. Lytt til "snakkestolpen", som fortel deg om livet her i dag.
Vegbeskrivelse
Frå Rauland sentrum/krossen- Følg rv 37 i retning Rjukan. Etter 26,5 kilometer ta av til venstre mot brygga på Skinnarbu. Parkering på brygga mot avgift. Ta rutebåten Fjellvåken II til Mogen turisthytte. Det er frå 1 til 4 kilometer å gå frå båten til Mogen, avhengig av vasstanden i Møsvatn. Kvennavegen starter på Mogen.
Fakta om turen
- Lengde: ca. 2 km rundtur
- Varigheit: ca. 1 time
- Vanskegrad: Lett
- Passar for: Familiar, barn
- Høgdepunkt: Båtturen til Morgen med Fjellvåken
Kultursti Kyrkjemogen
Turforslag
Rundtur med informasjonstavler langs kultursi Kyrkjemogen ved Rauland Kyrkje.
Frå Rauland Kyrkje går du ned til Totak, på høre side av kyrkja. Gå langs Totak og følg stien til du kjem til "Furua". Her er det etablert bålpasse. rundturen endar her, følg vegen mot kyrkja. Lyft opp lokket, og les om spennande historie frå området; her kan du mellom anna lese om jernvinne og kolgroper, om båttrafikken på Totak, om Førnesbrunen - og visste du at Rauland har sitt eige sjøuhyre?
Vegbeskrivelse
Frå Rauland sentrum/krossen køyrer du 4600 meter km langs rv.362 mot Haukeligrend. Følg vegen 5 km og ta av mot Rauland Kyrkje. Parkering ved Rauland Kyrkje.
Fakta om turen
- Lengde: ca. 1 km rundtur
- Varigheit: ca. 30min
- Vanskegrad: Lett
- Passar for: Familiar, barn
- Høgdepunkt: Kulturhistorie



